Kort om deg selv!
43år. Kjem frå Øystese i Hardanger. Er ein av 4 fastbuande på Finse og jobbar på Hotel Finse 1222.
Hva slags aktiviteter driver du med?
Eg brukar ein del tid på fjellturar til fots og på ski. Både korte og lange turar. Eg dagdrøymer gjerne om vinklingar og turmål som eg har lyst å meistra eller oppleva. Lista er lang!
Hva brenner du for?
Eg brenn for det enkle friluftslivet utan for mykje komplekst utstyr. Omgjevnadene kan gjerne vera komplekse med krevjande vér og forhold, men tryggleiken og gleda ligg i at det er enkle reglar til for å gjera livet godt.
Nevn noen høydepunkter/prestasjoner du er stolt over.
Høgdepunkta er mange og vert ekstra sterke om ein deler opplevinga med andre. Gjerne større turprosjekt kor ein i felleskap skisserer retning på prosjektet og gjennomfører som lag.
Hva eller hvem har inspirert deg til å holde på med det du gjør?
Eg har stor sans for lokale sauebønder i Hardanger som har fjellet som arbeidsarena. Dei er botnsolide, stødige, held kjeft og gneg på same kva.
Hvilke miljøbevisste valg gjør du i hverdagen og når du er ute på tur?
Eg elskar å bruka opp ting! Lappa og laska saman gamle skor og klede til dei døyr. Nikkersen min er snart meir lappar enn tøy!
Hva er din beste turopplevelse? Og verste?
Det er ofte slik at den siste er den beste. Eg får ofte slike totale opplevingar med komplett tilstedeværelse på gitte punkt. Flaumar av kjensler som gjev prov på at akkurat her og no kjem eg aldri til å gløyma. Eg klarar ikkje koma på vonde turopplevingar. Ein kan alltid mjølka ut noko positivt av ting!
Har du noen gang vært redd på tur?
Eg har aldri frose og aldri vore redd.
Hva er det beste med å være ute i naturen?
Menneska er del av naturen og høyrer heime utandørs. Det er deilig med rørsleglede som gjev fryd for både lekam, augo og øyro.
Hvor går drømmeturen?
Min neste lågterskel draumetur skjer om tre dagar, langtur over fjella frå Øystese til Voss. Av større turar kjem eg ikkje utanom solotur til Sydpolen til vinterem.
Hvor kunne du ønske at du var akkurat nå?
Eg er så heldig at akkurat her og no skulle eg ikkje ynskt eg var noko annan plass enn her eg er: på Sognefjellshytta med flotte skiløyper utanfor»
Hvor er du om 10 år?
Heldigvis har eg ingen plan eller aning om kor eg er. Vonar eg er i live! Ein lyt gjera ting ein hugsar.
Gi oss en fun fact om deg selv!
Eg er nærast religiøst oppteken av britisk heavy metal med hjarteleg tyngde på Iron Maiden og Judas Priest.
Hva er dine favorittsko fra ALFA?
Skarvet fjellskisko. Dei toler alt og går aldri sund.