Eg vil bu lite og leve stort

Eg har lenge hatt ein draum om å bu i eit minihus. Definisjonen på minihus er eit hus som er under 50 m2, og er ofte bygd for å kunne flyttast, enten på hjul eller plassert oppå eit fundament. I dagens samfunn er ofte «større» det som er positivt. For eksempel større kjøpesentre, større gardar, og større hus, men kvifor er det slik? Før i tida budde folk mindre, hadde mindre ting, og hadde meir kontakt med naturen. Har utviklinga gjort oss lykkelegare? Og kva med miljøhensyn og bærekraft? Eg likar minihus av fleire grunnar. Den første grunnen er at det i forhold til andre hus gir økonomisk fridom – eg må ikkje jobbe meg ihjel heile livet for å betale ned eit skyhøgt boliglån. Eg vil tilbringe så mykje som mulig av tida mi i naturen, og oppleve alt det vakre den har å by på!

Den andre grunnen til at eg er så fan av minihus er tanken om å ha mindre ting – kun det eg treng. Eg elskar kjensla eg får når eg er ute på tur med sekken min. Der har eg alt eg treng, og eg kan bere den med meg kor eg vil! Eg leikar med tanken om å få litt av den samme kjensla med eit hus. I dag leiger eg eit hus, med to ekstra soverom, og har stor plass til å lagre masse ting eg eigentleg ikkje treng. Kvifor har eg så mykje ting? Det berre blir sånn når plassen er der trur eg. Skap og bodar fylles opp med ting eg aldri ser eller brukar, er det kanskje nokon som kjenner seg igjen? Eg vil ha færre ting, og dei tinga eg har vil eg at skal vere av høg kvalitet og lang haldbarheit, framfor fleire ting som lett vert øydelagt.


Fridom til naturen. Foto: ALFA Eventyreren Andreas Orset

Dette bringer meg over på den tredje grunnen til at minihus tiltaler meg, nemleg at det er meir klimavennlig og har mindre avtrykk i naturen. Ein naturlig følge av minihus er mindre forbruk, ein kan ikkje kjøpe ting ein ikkje treng, fordi ein ikkje har plass. Med eit minihus blir det og naturlig å tenke bærekraft og ta vare på det ein har. Minihuset kan vere med på å bidra til økt bevisstgjering rundt forbruk, og vere mitt lille bidrag til miljøet. Eit minihus gir også eit uklart skille mellom inne og ute, og for meg er det perfekt å ha tett kontakt med naturen.

Visste du forresten at ALFA gjennom bærekraftsprosjektet ALFA For Life har komme med ein tursko som skal kunna vare resten av livet? Sjekk ut verdas første heilt reparerbare GORE-TEX tursko - Impact A/P/S GTX

Til slutt må eg ta med ein bonusgrunn, om ein ynskjer å flytte etter nokre år – så kan ein rett og slett ta med seg huset! Eg håpar at me i Noreg opnar opp augene for denne type bustad, og kan legge til rette for at det blir lettare å få til. I dag er det ein ganske kronglete prosess med søknad og godkjenningar frå kommunen.

Er det nokon andre som kunne tenkt seg eit minihus, eller som allerede har skaffa seg det? Send meg gjerne ei melding med erfaringar eller tankar, det blir eg veldig glad for!

Print blogginnlegg her