​Stølstur til vakre Kiellandbu

Denne turen tar omlag tre timar tur retur og er perfekt som til dømes ein tur etter jobb. Eg gjekk den saman med kollegaer frå Kveik ein ettermiddag tidlegare i juni. Start ved kraftstasjonen på Hamlagrø (mellom Voss og Dale). Stien har grei stigning, og nydelig utsikt på toppen! Kiellandbu ligg 913 m.o.h. med utsikt til Fykesund og vakre Hardanger.

Utsikta frå Kiellandbu må opplevast!

Eit skikkelig fint og inspirerande tilbod synast eg!

Voss utferdslag er DNT sitt lokale turlag og dei har laga til ei brosjyre for 2019 med 15 stølsturar. Det er satt opp postkasser med bok, og eit klipp som ein nyttar i kvart sitt hefte for å vise at ein har vore der. Perioden er frå juni til oktober, og ein kan vinne flotte premiar etter endt sesong. Eit skikkelig fint og inspirerande tilbod synast eg!

Boka kan du få kjøpt på blant anna sportbutikkane og turistinformasjonen på Voss. Det er god tid igjen, så løp og kjøp og bli med på moroa!

Eg har gått tre stølsturar no i juni, denne til Killandbu og til Hustveit og Leidalsstølen. Det var flotte turar, og eg gler meg til å gå dei andre turane seinare i sommar og haust. Me har ofte fellesturar med kolleager på jobben, kor me velger oss ut ein støl kvar veke. Det er kjekt og sosialt!

Alltid lurt med noko godt i sekken når ein kjem fram. Vaffel er ein god slager, og den kan ein også gjere litt sunnare med grovt mjøl og lite sukker.

Fleire av stølsturane er fine turar der ein kan ta med seg barn og bikkje.

Dette blir mitt siste blogginnlegg for Alfa, tusen takk for følget både her og på Instagram! Eg håpar du har blitt inspirert - og ønsker deg ein god sommar!

Print blogginnlegg her