LIASET - MYRKDALEN

I helga heiv eg meg rundt og gjennomførte ein skikkelig løpetur! Her fekk eg testa både formen og skoa Ramble Advance, som skal passe bra til turar med høg puls i varierande terreng. Skoa klarte seg utmerka godt! Ingen gnagsår, godt grep på stein, sti og grus. Det einaste minuset er at skoen er goretex, og akkurat med tanke på løping og veldig bløtt terreng med vatn som kjem inn ovenfrå og ned, så slipp ikkje skoen ut igjen vatn når ein først er blitt blaut.

Utsikt frå Skorseteggi mot Voss og Lønahorgi

Formen klarte seg også, eg vil gi den bestått, og satser på å gjennomføre fleire slike turar for å nå målet om å springe mitt første fjellmaraton i sommar. Tips for deg som vil teste fjelløping: Hugs roleg tempo, gå når du må, og spring når du kan! Av og til kan det lønne seg å gå i bratte motbakkar, det går like fort som å springe, og ein får litt variasjon i bruk av musklar.

Sandy nyt utsikta frå det høgaste punktet på turen, 965 moh.

Turen starta med ein kjøretur heilt opp til Liaset, dei siste kilometra frå Lemme er det privat grusveg opp på fjellet der det kostar 20 kroner. Du finn betalingsinformasjon ved starten av grusvegen. Frå parkeringa kjem du rett til flott utsikt over Lønavatnet. Stien er T-merka herfrå med omtrent 300 høgdemeter stigning opp til Kolingseggi. På toppen flatar det ut og ein får fin flyt med løpssteg eit godt stykke. Vidare er det 200 høgdemeter opp til Skorseteggi. Der var det flott utsikt over til Lønahorgi på andre sida. Været var ikkje på sitt beste denne dagen, men det var opphold og friskt. Egentlig veldig fint løpevær.

No er ein på det høgaste punktet på 966 moh. Med lave temperatura dei siste dagane har nedbøren lagt seg som blaut snø, noko som gjorde løpeturen hakket tyngre og kaldare enn eg trudde.

Vidare kunne eg hoppe og sprette nedover heilt til Øyjordstølen med flott utsikt til Oppheimsvatnet. Når eg var liten med ekstremt god fantasi, og eg gjekk i fjellet saman med familien, tenkte eg ofte at eg var ein hest som galopperte fort nedover stien. Det kan vere at eg fortsatt tenker det når eg spring fort i fjellet den dag i dag.

Etter mykje løping nedover vart eg litt sliten, men klarte å småjogge vidare. Her må du jogge på asfalt eit lite stykke for å komme deg til grusvegen som tar deg opp Oppheimsdalen. Herfrå er det berre å følge vegen oppover så langt vegen går. Ved dei inste stølane kryssar ein elva og følger dyretråkk over myra til Revhaugane. Følg grusvegen heilt ned, og du endar opp rett utanfor Myrkdalen Hotell, og kanskje ein kald øl ventar på deg der? Eg var så heldig å ha motivasjon i pizza på hytta til han far.

Null gnagsår!

Det er lurt å avtale skyss slik at du kjem deg tilbake til Liaset for å hente bilen. Heile turen samla er til saman nesten 1000 høgdemeter og 28 km lang. (Ein kan dele denne turen i to om ein ynskjer å gå, frå Liaset - Oppheim, eller Oppheim - Myrkdalen).

Eg (og Sandy) er veldig fornøgd med at vi klarte heile løpeturen, og vi hadde ein fin tur frå Liaset til Myrkdalen!

Print blogginnlegg her